onsdag 16. oktober 2013

Haust og Halloween utfordring påminning.


Me har ein utfordring som pågår no, der du skal laga kort eller anna kreasjon med tema 
Haust eller Halloween. 
Utfordringsposten finner du HER.

Eg, Tine vil minna dykk på utfordringen og vil visa eit kort eg har laga med tema haust. 


Eg skulle i ein 50 årsdag forgje helg og 50 åringen er ein mann som likar veldig godt å bada i badestampen sin. Og då ville eg laga eit kort med eit motiv med det. Eg leita internett rundt (vertfall følte da sånn ut), men eg fann ingen passande motiv å bruka. Så då måtte eg fram med min eigen rustne teiknekunskap..hihi..


Eg teikna motivet med ein Copic Multiliner og fargela d med copic. 
Bak motivet har eg brukt AirBrush

Eg har brukt desse fargane:

Hud: E21 - 00 - 000 - 93
Hår: E 74 - 71 - 70
Kant på badestamp: BG32 - 23 - 11 - C3
Trevirke: E44 - 43 - 42 - 41
Vatn: B16 - 14 - 12 - 000
Pipe: C7 - 5 - 3 - 1 - 00
Skygge rundt: B97 - 95 - 93


Det blei eit Trappekort / Stap card denne gongen. 
HER er ein tutorials på korleis du lager det. 

Og eg har brukt papirer frå My Minds Eye, Mischievous collection, osteklutroser og bling.

Då håpar eg du og finner fram scrappesakene dine og lage eit haust eller halloween kreasjon til oss :) Og so leverer du bidraget ditt HER

2 kommentarer:

Takk for din kommentar - vi setter kjempestor pris på tilbakemeldinger fra dere.
Vi følger spent med på alt som kommer inn og gleder oss til å se all kreativitet deres.

Kreativite tanker fra
Design Teamet og Kreativ Scrapping